David A. Tørre

David A. Tørre har skrevet 65 artikler

Nylig aktivitet

  1. cuba libre: kommentert 27. desember 2023
  2. appelsin: kommentert 4. desember 2023
  3. førerhund: kommentert 22. november 2023
  4. hukkert: kommentert 9. november 2023
All aktivitet

Biografi

David A. Tørre er quizforfattar og den mest meritterte junioren i norsk quizsport. Han har stått for landslagstrening og andre arrangement i Norges Quizforbund. Med alle aldersklassar rekna med er han den einaste nordmannen med pallplass samanlagt i quiz-VM. Han skriv fast for avisene Vest-Telemark Blad og Dag og Tid og er på rundt 20 000 spørsmål som quizforfattar. Han har vore aktiv i Store norske leksikon i ulike roller sidan 2020.

Bakgrunn og arbeid

Tørre er fødd i Porsgrunn i 1996 og har størstedelen av oppveksten i Kviteseid. Han er utdanna lærar og bibliotekar. I 2019 tok han et djupdykk i distriktet der han vart fødd og voks opp dei første åra. Det resulterte i debutboka «Grenlandsquiz for alle». Han fekk høve til å melde quizbøker for NRK.no jula 2020 og påska 2021. I 2023 vart han barnequizbokforfattar for Forlaget Vigmostad & Bjørke, med «Barnas egen julequiz».

Quizpedagog

Tørre kallar seg quizpedagog og trur at quiz høver godt til å spreie læringsglede. Han kan stadig fundere på kva ein god quiz er. I dag trur han det handlar om 1) godt språk og presise spørsmål, 2) tematisk variasjon, 3) passe vanskegrad, 4) folkeopplysing, og 5) ulike typar svar.

Kontakt: davidasprusten@gmail.com / 41 26 87 37