Sigrun K. Ertesvåg

fagansvarlig, Universitetet i Stavanger

Sigrun K. Ertesvåg har skrevet 26 artikler

Nylig aktivitet

  1. fråfall i skulen: oppdatert 19. desember 2016
  2. sosialt vakuum: publisert 19. desember 2016
  3. klasseromsinteraksjon: publisert 18. desember 2016
  4. mobbing: oppdatert 18. desember 2016
All aktivitet

Fagansvarlig for 1 kategorier:

  1. Læringsmiljø 23

Biografi

Sigrun K. Ertesvåg er professor i pedagogisk psykologi ved Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger. Ho har arbeidd ved Læringsmiljøsenteret (tidlegare Senter for atferdsforskning) sidan 2003. I tillegg til jobben ved Læringsmiljøsenteret er ho ein etterspurd foredragshaldar for tilsette på alle nivå i undervisningssektoren og har lang erfaring med undervisning på alle nivå i høgskule- og universitetssektoren.    

Ho har i nærare 20 år forska på ulike aspekt ved læringsmiljø og arbeidd med endringsarbeid i skular for å styrke læringsmiljøet. Dei seinare åra  har forskinga særleg vore retta mot klasseleiing og mot studiar av intervensjonar for å førebygge og redusere problemåtferd og styrke læringsmiljøet. Ho har publisert meir enn 40 artiklar og kapitel i bøker,  vitskaplege og faglege tidsskrift.  I tillegg har ho publisert 10 bøker åleine, eller saman med andre. Den siste «Ledelse av endringsarbeid i barnehagen» (Gyldendal Akademisk) publisert saman med Pål Roland i 2013. I tillegg er ho aktiv i mediedebatten gjennom kronikkar og debattinnlegg og hadde inntil nyleg ei eiga spalte i Stavanger Aftenblad der ho skreiv om tema knytt til læringsmiljø.

Sigrun  har vore fagansvarleg på snl.no sidan 2013 og kan kontaktast på sigrun.ertesvag@uis.no

For meir informasjon som Sigrun K. Ertsvåg og hennar publikasjonar sjå hennar personlege heimeside ved Universitetet i Stavanger.