Alf Strand

tidligere fagansvarlig

Nylig aktivitet

Biografi

Fødd 16. juni 1953 i Solund, Sogn og Fjordane. Har vore tilsett i Masfjorden kommune frå august 1978. Cand. philol frå Universitetet i Bergen 1981 med hovudfag i historie, mellomfag i nordisk og grunnfag i tysk. Pedagogisk seminar 1980. Har vore lærar, rådgjevar og rektor i grunnskulen frå 1978 til 2005. Blei hausten 2005 tilsett som rådgjevar for oppvekst og kultur i Masfjorden kommune. Har gjennom desse åra skaffa meg god kunnskap både om historia og om kommunen i dag. Frå 1996 har eg vore redaktør for sogeskriftet "Fjon frå fjell til fjord" som kjem ut kvar haust. I perioden 1988 til 1995 var eg lokalpolitikar med plass i kommunestyre og formannskap (1988-91).