Gaute Losnegård

tidligere fagansvarlig

Gaute Losnegård har skrevet 8 artikler

Nylig aktivitet

  1. Noregs Ungdomslag: Send til godkjenning 9. april 2021
  2. Sogn Avis: Send til godkjenning 25. mars 2021
  3. Ytre Sogn Avis: Send til godkjenning 24. mars 2021
  4. Årdal og Lærdal Avis: Send til godkjenning 24. mars 2021
All aktivitet

Biografi

Eg er historikar og faglitterær forfattar. Utdanna ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (lærarutdanning) 1995, cand. philol. med historie hovudfag ved Universitetet i Bergen 1998. Har sidan 2000 arbeidd med historie på heiltid, både lokalhistorie, organisasjonshistorie, mentalitetshistorie, samferdslehistorie og arkitekturhistorie/biografi. Har skrive følgjande bøker: - Fyr det gode og væne i livet. Holmedal Ungdomslag 1896-1996 . 1996. - 60 år under lupen. Forskerforeningen ved Universitetet i Bergen . 1999 (saman m/ Paal Nupen) - Dalsfjordboka - frå Gaularfjellet til Bulandet . 1999 (saman m/Rolf Losnegård og Henning Rivedal) - Ordet er fritt. Studentersamfunnet i Bergen 1934-99 . 2000 (saman med Paal Nupen) - Peter Andreas Blix - i strid for vekst og vern . 2001 (saman med Rolf Losnegård) - Riddarane av Losna . 2003 (saman m/bl.a. Berit Gjerland og Rolf Losnegård) - Jondal kommune. Gards- og slektssoge . 2003 (2 bind) - Ingolfr. Norsk-islandsk hopehav . 2005 (saman m/ Jon Vidar Sigurdsson og Berit Gjerland) - Verdsgymnaset. Røde Kors United World College 10 år 1995-2005 . 2005 - Død og pine. Justismordet Hetlesaka . 2006 - Jondal kommune. Allmennsoge: frå øksehogg til tastetrykk . 2006 - Norsk rutebilhistorie . 2008 Har elles skrive ei mengd ulike typar artiklar (bokmeldingar, kronikkar, innlegg) i ulike blad og tidsskrift og ymse historiske artiklar på nett for Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Arbeider for tida med ei allmennsoge for Askvoll kommune, som etter planen skal kome ut i 2 bind i 2009-10/11. Leiar i Askvoll sogenemnd sidan 1999, og har redigert alle utgjevingane der sidan då (8 bøker og 5 lokalhistoriske kalenderar). Redaktør for heimesida http://www.sogenemnda.no Engasjert i bygdeutvikling for heimbygda Holmedal, og redigerte bygdebladet 6982 frå 2003 til 2007. Sekretær for Holmedal montessoriforeining/Holmedal montessoriskule 2003-05, styreleiar sidan 2005. Redaktør for heimesidene http://www.holmedalmontessoriskule.no og http://www.fjordwhisky.net