Rolf Theil

Professor emeritus, fagansvarlig, Universitetet i Oslo

Rolf Theil har skrevet 262 artikler

Nylig aktivitet

  1. ergativ - språkvitenskap: oppdatert 12. januar 2023
  2. ergativ - språkvitenskap: oppdatert 12. januar 2023
  3. enklitikon - språkvitenskap: oppdatert 12. januar 2023
  4. enklise: oppdatert 12. januar 2023
All aktivitet

Fagansvarlig for 15 kategorier:

  1. Afrikanske språk 42
  2. Altaiske språk 20
  3. Amerikanske urfolkspråk 39
  4. Indoeuropeiske språk 1
  5. Inuitspråk 5
  6. Jiddisk 2
  7. Konstruerte språk 14
  8. Morfologi 129
  9. Orientalske språk utenom indisk og iransk 46
  10. Pidgin- og kreolspråk 6
  11. Romani-språk 4
  12. Semittiske språk 40
  13. Strukturalisme og jung-grammatikk 8
  14. Uralske språk 22
  15. Øvrige språk og språkfamilier 17

Biografi

Rolf Theil (f. 1946) er frå 2017 professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo (UiO), der han var tilsett frå 1976 til 2016.

Han tok magistergraden i lingvistikk ved UiO i 1975 med støttefaga kinesisk og samisk. Frå 1977 til 1978 studerte han lingvistikk, med hovudvekt på psykolingvistikk, ved University of Alberta i Edmonton, Canada.

Han har vore fagansvarleg i Store Norske leksikon sidan 2016, men har lang røynsle som forfattar av artiklar for fleire andre leksikon, mellom anna Den Store Danske, Caplex, Media og Allkunne.

Dei viktigaste forskingsfelta til Theil er allmenn lingvistikk og afrikansk lingvistikk.

Frå 1979 til 2016 gjorde han lingvistisk feltarbeid i Mali (språket fulfulde), Kamerun (språket nizaa, som han også laga rettskriving for), Etiopia (språka kafa og koorete og omotiske språk generelt) og Zambia (språket subiya). 

I allmennlingvistikken ligg hovudvekta på fonetikk, fonologi, morfologi og semantikk, med ei kognitiv lingvistisk orientering. Dei seinare åra har han vore sterkt oppteken av språk og evolusjon. Han har arbeidt med språk i både Europa, Asia og Amerika.

Gjennom mange år har Theil arbeidd med romani, språket til det norske romanifolket (taterane), og i 2014 gav han ut boka «Vandriane rakkrar / Taterne forteller / Taterane fortel». Han arbeider òg med romanés, språket til dei norske romane (sigøynarane), og gav i 2022 ut ei ABC-bok på romanes, «ABC. Romani shib», i samarbeid med Romano kher og Språkrådet.

Theil har skrive ei rekkje vitskaplege artiklar og bøker. Dei siste førti åra har han vore med å redigere og skrive fleire innføringsbøker i lingvistikk, seinast «Språk. En grunnbok» (2005) og «Språk i skolen. Grammatikk, retorikk, didaktikk. 3. utg.» (2020) – og nyleg ei lærebok i norsk, «Hei, jeg heter Norge! Norskopplæring for minoritetsspråklige. Innføringstilbud. Bd. 1–3.» (2019).

Theil er interessert i popularisering av faget sitt, og har halde populærvitskaplege føredrag i mange samanhengar, også radio og fjernsyn og hatt fast språkspalte i mellom anna Klassekampen og VG. Han har nyleg skrive bøkene «Skyformasjonane på San Franciscos sørhimmel i grålysninga 30. april 1882 og grunnane til at vi ikkje har sett namn på dei. Reiser mellom språk» (2007) og «Dei ukuelege språka» (2011), den siste i samarbeid med Johannes Nymark.