Store norske leksikon, fjerde utgave, 2005–2007

Mange av artiklene i nettleksikonet Store norske leksikon er delvis basert på artikler fra siste utgave av papirleksikonet.

Store norske leksikon, fjerde utgave, 2005–2007
Av /Store norske leksikon.

Alle artiklane med Store norske leksikon (2005 – 2007) som forfattar er heilt eller delvis basert på den siste utgåva av leksikonet på papir.

Artiklane er utan signatur fordi vi manglar namnet på forfattaren. Det kan tyde fleire ting:

  1. Artikkelen er skrive av ein fagperson, men var under 50 linjer lang. Då stod artikkelen utan signatur i papirleksikonet. Det er tilfellet med storparten av artiklane utan signatur.
  2. Artikkelen er skrive av tilsette i leksikonredaksjonen i den tidsperioden.
  3. Artiklane er oppdaterte av mange ulike forfattarar i samband med dei ulike revisjonane av Store norske leksikon.

Alle artiklar skal ha ein forfattar

Store norske leksikon har som mål at alle artiklar skal ha ein namngjeven forfattar. Sjølv små endringar og språkvask skjer no under fullt namn, og du kan sjå alle redigeringane i historikken til artikkelen. Dette gjer det enklare å drive med kjeldekritikk.

Alle bidragsytarar som har lagt inn meiningsberande innhald, eller har endra 30 % eller meir av teksten skal få medforfattarskap til artikkelen. Dersom du har bidrege til ein artikkel i Store norske leksikon utan at namnet ditt står der, vil redaksjonen gjerne rette opp i dette. Ta kontakt.

Arven frå papirleksikonet

Papirleksikonet hadde avgrensa plass, og dei fleste artiklane var korte. Difor fekk berre artiklar på meir enn 50 liner signatur. Det tyder ikkje at dei usignerte artiklane frå papirleksikonet er skrivne av kven som helst: Storparten vart skrivne av eksterne fagfolk. Resten vart skrive av fagredaktørar som var tilsette for å produsere leksikonstoff.

Dagens redaksjon arbeider primært med språk og sjanger i artiklane, medan dei fagansvarlege står for det faglege innhaldet.