Signe Witsø

tidligere fagansvarlig

Signe Witsø har skrevet 2 artikler

Nylig aktivitet

  1. Årøyelva: godkjente et endringsforslag 22. oktober 2014
  2. Fatlatunnelen: oppdatert 16. april 2013
  3. Stedjebergtunnelen: oppdatert 16. april 2013
All aktivitet

Biografi

Eg er tilsett som biblioteksjef ved Sogndal bibliotek.  

Eg er utdanna bibliotekar og har arbeidd som bibliotekar sidan 1975. Eg flytta til Sogndal i 1986 og har budd her sidan. Dei første fem åra i Sogndal arbeidde eg ved De Heibergske Samlingar - Sogn Folkemuseum. Desse åra gav meg ei bratt læringskurve innan historie og kultur i Sogn.

I 1991 vart eg tilsett som bibliotekar ved Sogndal bibliotek med ansvar for lokalhistorie og seinare barn og ungdom. Ansvaret for lokalhistorie gjorde at eg studerte lokalhistorie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og tok eksamen i 1993. Ansvaret for biblioteket sitt tilbod til barn og ungdom førte til god kontakt med alle skulane i kommunen, både elevar og lærarar. For to år sidan vart eg tilsett som biblioteksjef i kommunen.